Frå:
12/10/2023
5:00 pm
Jelsa
Til:
12/10/2023
6:00 pm

Monsterbesøk på dagsturhytta Kvilehaugen

Bli med på eispennande og herleg familieframsyning ved dagsturhytta på Jelsa!

Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre?

I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter dykk Lys levende Adele i alle rollane.

Framsyninga er gratis, den varar i om lag 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.

Monsterbesøk byggjer på den nynorske biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler, og Tove Bakke har omsett. Denne boka er den femte i den populære serien frå denne svensk/færøysk/islandske forfattartrioen. Framsyninga er støtta av Bibliotekutvikling Vestland og Folkeakademia i Vestland og Sogn og Fjordane.  

Monsterbesøket i Ryfylke er i regi av Kulturhaust Ryfylke.

Stad:
Jelsa
/
Dagsturhytta Kvilehaugen, 4234 Jelsa
Arrangementet starter:
12/10/2023
, klokka
5:00 pm
Arrangementet slutter:
12/10/2023
, klokka
October
Prisar:
Gratis
Arrangementet starter:
12/10/2023
, klokka
5:00 pm
Arrangementet slutter:
12/10/2023
, klokka
6:00 pm
Type arrangement:
Førestilling
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Anne Mo
Telefon:
52792282
E-post:
anne.mo@suldal.kommune.no