Frå:
6/8/2021
6:00 pm
Gullingen
Til:
7/8/2021
6:00 pm
Bilde frå fjorårets Nutfant på eit døgn
Bilde frå fjorårets Nutfant på eit døgn

Nutfant på eit døgn

Årets utfordring. Nutfant på eit døgn! Gå 3 eller 6 nuter på eit døgn!

Dette er eit sportsevent, kor deltakarane skal nå 6 nutar i Suldalsheia på eit døgn.

Dette er ein krevande utfordring, men fullt mogleg å gjennomføra for dei fleste som er vane med å gå i fjellet.

Startskotet går fredag 6.august kl 1700 ved Gullingehuset og ein må vera i mål innan laurdag kl 1700.

Det er opp til kvar enkelt utøvar å planlegga gjennomføringa av eventet, både når det gjeld rekkefølge på nutane og taktikken.

Med hensyn til rådane smittevernsreglar bør ein ikkje vera større grupper enn 5 personar.

Er ein kjent i terrenget og vane med å gå i fjellet kan ein fint gå aleine. Men me understrekar at alle som melder seg på går på eige ansvar og må difor gjera eigne vurderingar i høve til fysiske evner.

For dei som ikkje vil gå alle 6 nutane, har me også i år den korte varianten på 3 nutar på eit døgn- og ein blir då Halv Nutfant. Denne distansen kan passe bra til barnefamiliar.

Desse nutane er med i årets Heil Nutfant:

*Reinsnuten 1144 moh
*Napen 1350 moh
*Gullingen 979 moh
*Onglanuten 760 moh
*Natlandsnuten 965 moh
*Skarsnuten 901 moh

Desse nutane er med i årets Halv Nutfant:

*Gullingen 979 moh
*Onglanuten 760 moh
*Reinsnuten 1144 moh

På laurdagskveld 7.august vil det bli arrangert bankett med middag og lysbilder fra helga på Ryfylke Basecamp hotelle.I tillegg vil det bli trekkning av flotte permiar til alle som har fullført Heil og Halv Nutfant .Dette er eit arrangemang for deltakarar og andre som ønsker å vera med.

Stad:
Gullingen
/
Arrangementet starter:
6/8/2021
, klokka
6:00 pm
Arrangementet slutter:
7/8/2021
, klokka
August
Prisar:
Voksne 250 kr, Barn 50 kr
Arrangementet starter:
6/8/2021
, klokka
6:00 pm
Arrangementet slutter:
7/8/2021
, klokka
6:00 pm
Type arrangement:
Idrett
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Nutfant24
Telefon:
E-post:
mail@nutfant24.no