Frå:
27/11/2022
2:00 pm
Sand
Til:
27/11/2022
3:00 pm

Oddgeir Bruaset - GJENSYN: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Eitt spørsmål får Oddgeir Bruaset igjen og igjen. Korleis gjekk det med menneska i serien?

Denne boka byr på eit hjarteleg gjensyn.

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er ein av dei mest populære tv-seriane i Noreg gjennom tidene. Oddgeir Bruaset skapte programmet, og i tolv år var han programleiar for serien. Han reiste Noreg rundt og besøkte dei som budde på dei brattaste, mest uframkommelege stadene i landet vårt. Han møtte menneske som levde tett på naturen, mange under svært enkle kår. I denne praktboka får vi eit gjensyn med nesten alle menneska som var portretterte av Bruaset.

Vi får sjå og høyre om folk som bryt jord på forfalne gardar, som lagar eigen landingsplass for fly når vegen er uframkommeleg, om dei som vel einsemda og stilla, og dei som brått får friarar på døra. Vi møter Alma Jenssen, som budde åleine på ein holme i Nordland i nesten femti år, og som bar på ein løyndom livet ut. Mange vil også hugse Hunde-Per, som levde på Laksefjordvidda i noko midt mellom ein samisk gamme og eit vikinghus, og som har funne kjærleiken på ny. Korleis har det gått med desse og alle dei andre i serien? Bur dei framleis på staden, eller har dei flytta? Om mange av stadene er lik seg sjølv, har mykje endra seg i livet til dei som bur der.

Stad:
Sand
/
Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
27/11/2022
, klokka
2:00 pm
Arrangementet slutter:
27/11/2022
, klokka
November
Prisar:
200,-
Arrangementet starter:
27/11/2022
, klokka
2:00 pm
Arrangementet slutter:
27/11/2022
, klokka
3:00 pm
Type arrangement:
Samfunn
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Kulturhuset i Suldal
Telefon:
52792290
E-post:
hanne.mette.birkeland@suldal.kommune.no