Frå:
20/6/2021
12:00 pm
Ropeidhalvøya
Til:
20/6/2021
2:00 pm
Foto: Annette Gregersen

Opning av kulturhistorisk løype: Ropeidhalvøya

Bli med på ein kulturell turdag!

Søndag 20. juni klokka 12:00 inviterer Suldal kommune, Suldal Vekst, Ryfylkemuseet og Ropeidhalvøya grendeutval til opning av den kulturhistoriske løypa rundt Grytevatnet. Oppmøtestad er ved parkeringsplassen der den merka turstien startar ved Rosseid. Her vil kultursjef Aud Marit Hauge offisielt opne løypa før de sjølv kan ta turen rundt vatnet.

Turen tek omlag to timar og ved å scanne elleve nylanserte QR punkt langs løypa vil du få fleire spanande historiar frå Ropeidhalvøya frå 1200-talet og fram til i dag. Her vil du mellom anna høyre om grava til Kong Heb og om historiane knytt til den største høvdingen i Ryfylke som i si tid som haldt til på Hebnes. Du vil høyre om den gamle skulen i Refsbygd og du vil læra meir om kven den snille bedragaren Joakim var.

Velkommen til ein kulturhistorisk turdag!

Stad:
Ropeidhalvøya
/
4235 Hebnes
Arrangementet starter:
20/6/2021
, klokka
12:00 pm
Arrangementet slutter:
20/6/2021
, klokka
June
Prisar:
Arrangementet starter:
20/6/2021
, klokka
12:00 pm
Arrangementet slutter:
20/6/2021
, klokka
2:00 pm
Type arrangement:
Samfunn
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Visit Suldal
Telefon:
E-post:
suldal@visitsuldal.no