Regine Erler kjem til oss i påskeveka for å spela og det legendariske kunsteeventyret frå H.c. Andersen: Keisarens nye klede. Du hugsar han? Han som trur han skrid rundt i dei mest fantastiske klede, mens han i røynda er naken.
Framsyninga er bygd opp av ulike former for papirkunst som pop-up, papirteater, modellteater, papir-bøker-kunst og papir-dukker. Ved kvar ny scene opnar Regine ei ny side i "pop-up boka", med nye kunstnarlege overraskingar.
Kammartenaren, altså Regine Erler, samhandlar med publikum, med papirdokkene, og ho fortel og ho spelar. Somme scener er det også musikk til.
Erler har spelt papirteateret Keisarens nye klede fleire stader, til stor glede og entusiasme:
"Tusen takk for den fantastiske stunda du gav oss her i Nyesalen på Folkets Hus!" (Astrid Espelenad, Folkets Hus i Sauda)
"Selve forestillingen var en fryd." (Publikummar på Sølvberget i Stavanger).
Er det ein ting me anbefalar deg i påsken, så er det å ta barna med på dette tysdag i påskeveka! Det passar for alle aldrar, her er ingenting skummelt.