Frå:
10/7/2021
10:00 am
Sand
Til:
28/8/2021
3:00 pm
Ellen Kalvig
Ellen Kalvig

Sommarutstillinga 2021: Pusteøvelser - Ellen Kalvig.

Velkommen til Sommarutstillinga 2021: Pusteøvelser - Ellen Kalvig.

Denne utstillinga er etterkvart blitt tradisjonsrik og er eit resultat av eit godt samarbeid mellom kulturhuset i Suldal og Suldal kunstlag. Vi er glade for at vi også dette året kan invitera til utstilling - og særs glad for at Ellen Kalvig takka ja til førespurnaden om å vera sommarutstillar.


Ellen kjenner alle - og alle kjenner Ellen.


Ellen Kalvig er fødd på Bryne, ute på det forblåste Jærlandskapet. Ho er fødd inn i ein kunstnarheim, men det var det trygge, jordbundne som var førstevalet då tida kom for å staka ut ein kurs i livet. Likevel var kunstnargenet så sterkt, at etterkvart starta ho på ei kunstnarutdanning og har nå halde det gåande i over 30 år.
Heldigvis for oss suldøler, så fann Ellen vegen til Suldal i 2010. Ho fekk seg hus og bygde seg eit atelier. Her er det berre å banka på, og er kunstnaren heime blir du svinte invitert inn.


Dette seier Ellen sjølv: "Inspirasjonen kjem frå naturen og landskapet eg bearbeider malerisk og grafisk til menneskelige omgrep ved bruka av kontrastar, lys, symbolikk og assosiasjonar. Bilete er av eit landskap eller ein metafor på noko anna, - det vel sjåaren. Eg har vald å bu tett på naturen, og gjennom kjennskap og bruk til denne, finn eg mi kjelde til kunsten."

Stad:
Sand
/
Kulturhuset i Suldal
Arrangementet starter:
10/7/2021
, klokka
10:00 am
Arrangementet slutter:
28/8/2021
, klokka
August
Prisar:
Gratis
Arrangementet starter:
10/7/2021
, klokka
10:00 am
Arrangementet slutter:
28/8/2021
, klokka
3:00 pm
Type arrangement:
Utstilling
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Suldal kunstlag
Telefon:
52792290
E-post:
eva.bendiksen@suldal.kommune.no