Frå:
8/6/2019
7:00 am
Sand
Til:
25/8/2019
3:00 pm
Bo Gaustad/Tegnerforbundet
Bo Gaustad/Tegnerforbundet

Sommarutstillinga Bo Gaustad: Lille Olle og andre litterære skisser

Suldal Kunstlag og Kulturhuset i Suldal har den store gleda av å presentere Bo Gaustad sine bilete denne sommaren.

Suldal Kunstlag og Kulturhuset i Suldal har den store gleda av å presentere Bo Gaustad sine bilete denne sommaren. Bo Karin Gaustad (født 21. desember 1946) er ein norsk teiknar, illustratør og forfattar. Ho bur og arbeider i Oslo, men bur saman med partnar Dagfinn Foldøy, lange periodar på Ropeidhalvøya. Bo Gaustad har m.a. utdanning frå Universitetet i Oslo, Accademia di Belle Arti i Roma, Statens Lærerhøgskole i Forming, Spesialstudent Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Norsk Barnebokinstitutt: Forfatterutdanning 2006/2007.


Ho har laga teikningar til blader og aviser, og har illustrert ca. 40 bøker, av desse er 15 biletbøker for barn av forfattarar som t.d. Lars Saabye Christensen. Ho debuterte med eigen tekst i 2008 i «Haren Henriette og andre vers, ei biletbok med tøysevers for «barn i alle aldrar». Sidan har ho gjeve ut Dessert (2011), Bøllene (2013) og Lille Olle - et begavet lite svin(2017). Teiknestilen er rask og fri, ofte humoristisk, med ein særprega og levande strek. Teknikken omfatter tusj, blyant, papirklipp, pastell og akvarell. Gaustad har stilt ut både i grupper og aleine, og er innkjøpt av m.a. Nasjonalbiblioteket.


Utstillinga vil vera tilgjengeleg i Kulturhuset sine opningstider fram til 25.august.

Stad:
Sand
/
Kulturhuset i Suldal Løhaugen 1, 4230 Sand
Arrangementet starter:
8/6/2019
, klokka
7:00 am
Arrangementet slutter:
25/8/2019
, klokka
August
Prisar:
Gratis
Arrangementet starter:
8/6/2019
, klokka
7:00 am
Arrangementet slutter:
25/8/2019
, klokka
3:00 pm
Type arrangement:
Utstilling
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Eva Bendiksen
Telefon:
52792290
E-post:
eva.bendiksen@suldal.kommune.no