Frå:
4/6/2023
11:00 am
Suldalsosen
Til:
4/6/2023
2:00 pm
Bjørkjenes gard Kred Jan Nordtveit
Bjørkjenes gard Kred Jan Nordtveit

Velkommen til utdeling av kvalitetsmerke "Olavsrosa" og open dag på Bjørkjenes gard, Hamrabø

Marit og Jarle Tveit invitera til open dag på Børkjenes gard i Hamrabø. Dei vil i få tildelt kvalitetsmerket «Olavsrosa» som dei fyrste i Ryfylke.

Dagen vert markert med utdeling av kvalitetsmerket Olavsrosa frå Norsk kulturarv , ordførar Gerd Helen Bø og representant i frå Statsforvaltaren i Rogaland for avdukinga av «Olavsrosa». Jarle Tveit vil fortel sjølv om historia om garden som han og kona Marit overtok i 2003. Etter den offisielle delen av programmet er ferdig vert det ein liten matbit frå garden  og høve til å gå rundt i Børkjenes tunet for å bli kjent. Bjørkjenes gard er den fyrste som mottek kvalitetsmerke "Olavsrosa" i Ryfylke.
Visste du at tunet har 16 bygningar og heile garden har over 40 bygningar?  

Olavsrosa:
Olavsrosa er det leiande varemerket for opplevingstilbod med basis i den norske kulturarven. Kvalitetsmerket blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn til både kulturhistorie og formidling. Olavsrosa symboliserer stor respekt for fortida, men også glede og spennande opplevingar i dag. Innehavarar av Olavsrosa forpliktar seg til å vere gode ambassadørar for ein levande kulturarv og formidle historia til gjestene sine. Sjølve symbolet Olavsrosa byggjer på valknuten- eit gammalt symbol for vern, som er kjent både frå Borge og utlandet. 136 bedrifter/ institusjonar  nasjonalt har fått tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa, 6 av desse ligg i Rogaland.

Hamrabø og Børkjenes, del av Suldal Utvalde kulturlandskap (UKL)
Det utvalde kulturlandskapet i Suldal inkluderer grendene Hamrabø, Klungtveit og Mokleiv. UKL Suldal har fått denne nasjonale statusen fordi det er eit særprega kulturlandskap. Ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket vart etablert i 2009 gjennom eit samarbeid mellom landbruks-, og miljømyndigheitar, Riksantikvar og grunneigarar. Det er pr. 2022 49 område som er valde ut som Utvalde kulturlandskap nasjonalt.

Stad:
Suldalsosen
/
Hamrabøvegen 18
Arrangementet starter:
4/6/2023
, klokka
11:00 am
Arrangementet slutter:
4/6/2023
, klokka
June
Prisar:
GRATIS
Arrangementet starter:
4/6/2023
, klokka
11:00 am
Arrangementet slutter:
4/6/2023
, klokka
2:00 pm
Type arrangement:
Samfunn
Anna
Anna
Passar for:
Alle
Aldersgrense:
Kontaktperson(ar):
Jarle Tveit
Telefon:
91348602
E-post:
jarle@tveit.no