Fredag 2. juni 19.30 og laurdag 3. juni 19.30.
Songarlaget med band og solistar inviterer til storslagen konsert med musikk av Coldplay på Kulturhuset i Suldal. Coldplay har gjennom dei siste 20 åra stått bak ein bråte med flotte songar, og på denne konserten presenterer me alle dei store hit-ane og meir til - frå Sunrise til Paradise!
På scenen står det ein heil gjeng. Songarlaget tel nå 40 songarar og blir dirigert av Martin Haug Tieghem, som også spelar gitar. I tillegg trengs tolv musikarar for å realisera dei elegante og ofte ganske så intrikate songane: Einar Olsen (gitar), Veerle Haug Tieghem (tangentar), Håkon Nielsen (bass og bandleiar), Andreas Nielsen (perkusjon), Thomas Kopperstad (slagverk), Tove Solheim (fiolin), Xenia Berkova (fiolin), Emma Pountney (klarinett), og Suldal messingkvartett (Irene Fyljesvoll, Britt-Elin Håranes, Kristin Sandvik, Eli Håker Erfjord).
I tillegg er me så heldige å ha med oss Hanna Søraas Vasshus og Kristin Sandvik som solistar på nokre av songane. Øyvind Sand styrer lyd med sikker hand, og Birger Helland har regien på det visuelle.