To damer bak kassen
Mykje mat
Brunsj © Ryfylke. Foto: Milan Randelovic
Brunsj © Ryfylke. Foto: Milan Randelovic
To damer bak kassen
Brunsj © Ryfylke. Foto: Milan Randelovic

BRUNSJ, Sand

Næring
Førestilling
Serveringsstad
Konferanse
Brunsj er ein urban kafe og kaffebar som ligg midt i hjarta av Kulturhuset på Sand. Her kan du nyte ein matbit medan barna er på biblioteket og du les aviser og magasin, eller under eit av Kulturhuset sine mange arrangement.

Brunsj er ein urban kafe og kaffebar som ligg midt i hjarta av Kulturhuset på Sand. Her kan du nyte ein matbit medan barna er på biblioteket, medan du les aviser og magasin eller under eit av Kulturhuset sine mange arrangement. Den rustikke og urbane kafeen gir deg eit pust av byliv, midt på Sand. Kulturhuset i Suldal tilbyr også bibliotek, bowling, kino, kunstutstillingar og kulturelle framsyningar. På kafeen Brunsj kan du ta del i den kulturelle pulsen på huset, eller du kan kikke ut på det fantastiske amfiet der Kulturhuset også har arrangement. Brunsj tilbyr ein variert meny med gode råvarer, her får du gourmet sanwichar, dagens rettar og baristakaffe. Dei tilbyr også take-away og catering til store og små arrangement og anledningar. Brunsj har eit team på seks tilsette.

"Me ynskjer jo at gjestene skal oppleve god mat og flotte omgjevnadar her. Dette skal vera ein kafe som appelerer til folk i alle aldrar, og ikkje minst mat for ein kvar smak", fortel gjengen på Brunsj.

BRUNSJ, Sand