Energihotellet
Energihotellet
Meister Fotografi
Energihotellet
Energihotellet
Meister Fotografi

Energihotellet, Nesflaten

Overnatting
Serveringsstad
Konferanse
Arkitektur
Fjell
Fiske
Energihotellet er ei perle av eit designhotell, som ligg på Nesflaten. Her er det ekte krafthistorie, design og arkitektur i veggane.

Energihotellet er ei perle av eit designhotell, som ligg på vakre Nesflaten. Her er det ekte krafthistorie, design og arkitektur i veggane. Dei aller fleste gjestene, om dei er lokale eller frå fjerne strøk, blir imponerte over den slåande utsikta utover Suldalsvatnet, 60-talsmøblane frå Sven Ivar Dysthe, gullpeisen eller den særprega arkitekturen teikna av Geir Grung. Vertskapet og ekteparet Olav Lindseth og Gunhild Moe meiner det er viktig med kort veg mellom gjestene og leiinga. Dei gler seg over å vise fram både krafthistorie og arkitektur.

"Me prøver alltid å vise fram heilskapen i den særprega arkitekturen på Nesflaten, både driftssentralen til Hydro som ligg her, hotellet og dei særprega bustadene i Kilen der blant anna flatt tak er eit kjennemerke. Arkitekturen her oppe per preg av einunorsk materialbruk med mykje betong og store vindauge, det handlar om å ta naturen inn i bygningane," fortel Olav.

Alle 29 rom er innreia i minimalistisk stil, på romma er det utsikta til Suldalsvatnet som skal vera i fokus. I sommarhalvåret er det mogleg å ta ein dukkert i utebassenget, berre ein kort tur frå hotellet. På vinteren kan kan ein varme seg i hotellet si eigen badstue.

På Energihotellet får du ei matoppleving som står i stil med omgjevnadane. Energihotellet tilbyr freistande matrettar basert på lokale råvarer som Suldalsskinke, aure frå Suldalsvatnet, lam og vilt frå Suldalsheiane og lokalproduerte pølser. Hotellet tilbyr også fleire opplevingar som gjerne er basert på lokal mat og attraksjonar. "Me snakkar så mykje om Slow Food, på mange måtar driv me også med Slow Reiseliv" seier Gunhild.

Hotellet er også ein del av hotellkjeda "De historiske".

Energihotellet, Nesflaten

Sesong: Heile året.

Kapasitet: 58 senger med konferanse fasiliteter.

Meir informasjon og booking på deira nettsider her.