Salmon at Fargeriet Kafè
Fargeriet Kafè
Foto: Fargeriet Kafè
©Skattkammeret Suldal Foto: Lise Bjelland
Salmon at Fargeriet Kafè
Foto: Fargeriet Kafè

Fargeriet Kafè, Sand

Næring
Serveringsstad
På Fargeriet får du ekte, god og heimelaga mat. Her tar ein seg tid til å lage den ferske gjærbaksten, og måltida som blir serverte er alltid laga frå botnen av.

På Fargeriet får du ekte, god og heimelaga mat. Her tar ein seg tid til å lage den ferske gjærbaksten, og måltida som blir serverte er alltid laga frå botnen av. Her legg ein vekt på at gjestene skal få ekte matopplevingar, samstundes som dei arbeider på kafeen får opplæring i god matkunst. "Matkultur og kunnskap om råvarer og kokekunst er viktig" meiner Hanne Lund-Johansen på Fargeriet.

Mange av gjestene som er innom Fargeriet i Gata er stamgjester, dei kjem attende gong etter gong for å få ei god og heimelaga mat servert. Andre kundar stikk innom i farten, og kan fortelje at dei sjeldan har vore innom ein liknande kafe. På Fargeriet er det ei lun stemning med fargerike måleri, gamle og rustikke vegger og koselege møbler. På torsdagane serverer dei heimelaga komle med kålerabistappe og salt kjøt.



Fargeriet Kafè, Sand

Sesong: Heile året.