Gullingen turistsenter
Gullingen Turistsenter
Lise Bjelland
Lise Bjelland
Gullingen turistsenter
Lise Bjelland

Gullingen Turistsenter og Fjellcamping

Bubil og camping
Fiske
Foss/elv
Konferanse
Teltplass
Overnatting
Fjell
På ski
Serveringsstad
Symjing
Sykkel
Vandring
Gullingen Turistsenter, Skisenter og Fjellcamping kan tilby fantastiske naturopplevingar på Gullingen. Her kan du overnatte, nyte god tradisjonsmat, leige utstyr eller slå av ein prat med vertskapet.

Gullingen Turistsenter, Skisenter og Fjellcamping kan tilby fantastiske naturopplevingar på Gullingen. Dei har 165 senger, fordelt på 41 rom og 3 leilegheiter. Jan Nilsen og Anne Karin Vårvik overtok anlegget for over 6 år sidan, noko dei ikkje har angra på. Sidan dei tok over har dei skifta ut tallerkenheisen i skitrekket, fått på plass barnetrekk, pussa opp fjellstova og alle rom og leilegheiter som dei leiger ut. Det er travle dagar både vinter og sommar, men spesielt i hovudsesongen som er frå vinterferien til over påske, då alle mann er i arbeid med skitrekket. Dei er sju tilsette på heilårsbasis, og har i tillegg fleire sesongarbeiderar som stiller opp i travle tider.

"Me vil gjerne ha fokus på overnatting og på den gode sosiale atmosfæren, seier Anne Karin. "Målgruppene våre er stort sett familiane, her oppe er det fine løyper til langrenn og eit skitrekk som passar dei fleste." Dei kan ikkje rose nok av løypekøyraren Bjørn Egil Nærheim som sikrar gullspor i ordets rette forstand.

Gullingen Turistsenter og Fjellcamping

Sesong: Heile året.

Kapasitet:  41 rom med 2 til 4 senger. 4 leiliegheitar med 2,4 og 6 senger. Konferansefasiliteter.

Meir info og booking på nettsidene deira her.