Vatlandsvåg Foto: Joker Vatlandsvåg
Vatlandsvåg Foto: Joker Vatlandsvåg

Joker Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya

Båt & sjøliv
Bubil og camping
Fiske
Næring
Fjell
Vandring
Ein flott nærbutikk i idylliske Vatlandsvåg. Butikken fungerer som eit naturleg knytepunkt på Halvøynå med alt du treng til heimen og hytta.

Ein flott nærbutikk i idylliske Vatlandsvåg der du kan få tak i alle dagligvarer, i tillegg til det lille ekstra som dagens bakverk og fersk sjømat. Du finn også lokale handverksprodukt, fiskeutstyr, bilpleie, båtutstyr, hagereiskap og er Felleskjøpet-forhandlar med såfrø, hunde- og kattemat, plantejord og meir. Dei held apotekvarer, drivstoff/gass og har pakkelevering for Posten og Postnord.

I tilknytning til butikken har dei ei Vatlandsvåg båthamn med bensinpumpe, moderne sanitæranlegg, straum og vatn. Dei kan tilby utleige av båt og e-sykkel med mange flotte sykkelmoglegheiter i jamnt terreng på lite trafikkerte vegar.

Joker Vatlandsvåg er eit knytepunkt på Ropeidhalvøya der lokale og turistar samlest for dagens handel og ein god drøs på uteborda med utsikt mot fjorden og båthamna. Første laurdagen i fellesferien arrangerer dei Halvøydagen, ein marknads- og aktivitetsdag for store og små.

Joker Vatlandsvåg, Ropeidhalvøya

Sesong: Heile året. Eksta lange opningstider i sommarsesongen.