Tre jenter framføre hekk
Tre personar på birøkt
© Jordnær
© Jordnær
Tre jenter framføre hekk
© Jordnær

Jordnær - lokalmatappen

Serveringsstad
Jordnær er appen som synleggjer lokalmatprodusentar i ditt nærområde. Appen blei starta opp av tre kvinner frå Rogaland som ønskja å gjera det enklare å få tak i gode, ureiste råvarer frå eige nærområde.

Ein dedikasjon til kortreist, lokal mat

Jordnær AS er eit lokalt selskap sett opp i Suldal i 2019 som ein del av eit arbeid for å gjera det enklare for personar å vite kva lokale råvarer som er tilgjengeleg og å koma i kontakt med lokalmatprodusentar i eige nærområde. Gjennom ein app med kartfunksjon og nettbutikk kan ein enkelt finne fram til produsentar i sin region, hente informasjon om opne gardsutsal og kjøpe produkt direkte frå bonden utan mellomledd. Appen finn du ved å søke etter "Jordnær" i Apple Store eller Google Play.

Lokale gunderar

Selskapet er eit resultat av at Kristine Svendheim, Anna L. Vaage og Lukrecija Elijosuite opplevde ei utfordring rundt det å få tak i lokale råvarer frå produsentar i nærområdet i distrikta, og eit ønskje om å gjera noko med dette. Vidare såg dei eit potensiale for å skape eit godt verktøy for turistar som i aukande grad var på jakt etter det lokale og autentiske. I oppstarten har selskapet hatt ein fokus på Ryfylke og Rogaland, men ekspanderer no vidare til Vestfold og Telemark. Jordnær er alltid på jakt etter nye samarbeidspartnarar, og oppmuntrar lokalmatprodusentar av alle slag å kontakte dei.

Jordnær - lokalmatappen

Jordnær - lokalmatappen
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.