Kulp Bistro
Kulp Bistro
Lise Bjelland
Lise Bjelland
Kulp Bistro
Lise Bjelland

Kulp Bistro, Sand

Næring
Serveringsstad
Kulp Bistro kan tilby det meste ein treng av freistande matrettar. Her kan du blant anna få gode lunsjrettar, dagens heimelaga middag, nokre av verdas beste hamburgarar eller pizzabuffet.

Kulp Bistro kan tilby det meste ein treng av freistande matrettar. Her kan du blant anna få gode lunsjrettar, dagens heimelaga middag, nokre av verdas beste hamburgerar eller pizzabuffet. Bistroen ligg sentralt til i Næringshagen på Garaneset og har eige leikerom for dei yngste gjestene. For eigar og kokk Terje Bjørndalen er matfilosofien sterk: "Målet er å servere lokal, ekte og ærleg mat, slår Bjørndalen fast.

For Terje og kokkelaget på Kulp er det også viktig å nytte seg av lokale og kortreiste råvarer frå lokalmiljøet. Maten skal vere så ukomplisert og enkel som mogleg. Terje sjølv er ein ivrig jegar som likar seg godt ute i skogen der gode og reineråvarer står i kø. Elles kan han diske opp med heilgrilla lam eller gris i store arrangement. Maten skal helst ha ei lokal historie. "Me satsar på mat med lokal forankring. Difor kjøper me kortreist mat der me sjølv har fåttpåverka prosessen for å få fram det perfekte produktet. Dette er produkt me stolt serverer i våre selskapsmenyar" seier Bjørndalen.

"Me har også ein god søndagsmiddag som er viden kjent og som trekkjer folk heilt frå Etne og Haugesund", slår den engasjerte kokken fast.

Kulp Bistro, Sand