To personar i vinhage
Drueklasar i eske med saks
Midtsommar © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Midtsommar © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
To personar i vinhage
Midtsommar © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Midtsommar

Serveringsstad
Tett på fjordgapet i grenda Hebnes finn du vingarden Midtsommar. Her kan du få omvisning i vinhagen og smake på vinar med namn som mellom anna Tor og Lars.

Den første vingarden i Rogaland

Bøndene Toyni Tobekk og Arild Hebnes tok i 2021 eit stort val - dei gjekk frå å halde gris til å satse for fullt på draumen om å skape ein vingard! Våren 2021 blei dei første drueplantene sett i jorda og i 2022 kunne dei første gjestene koma til garden for å smake på dei flotte vinane som har blitt dyrka fram i knytepunktet mellom Vindafjorden, Sandsfjorden, Jelsafjorden og Nedstandsfjorden. Med dette blei dei også den første vingarden i Rogaland!

Omsyning i vinhagen med smaksprøvar

Midtsommar med Toyni og Arild inviterer enkeltpersonar og grupper inn på omsyning gjennom heile året. Heile turen tek omlag 1,5 timar der ein tek ein spasertur blant vindruene før ein går opp til produksjonslokala. Her får ein ei innføring i korleis druene blir gjort om til edle dråper, og det blir sjølvsagt rom for å smake garden sine eigne vinar kombinert med andre gode, lokale produkt. I sommarsesongen har dei faste dagar ope for individuelle, medan grupper kan ta kontakt for å avtale tidspunkt for besøk. Utvalde dagar tilbyr dei også omsyning kombinert med fjordcruise med Rødne frå Stavanger, Tau og Hjelmeland.

Midtsommar

Midtsommar
har ei offisiell miljøsertifisering. Å velje opplevingar og overnattingsstader med «Reis Grønt» merket sikrar at bedriftene du støttar tek eit aktivt miljøansvar. Sjå alle med sertifiseringa her.