Mo Laksegard
Lise Bjelland
Mo Laksegard
Mo Laksegard
Lise Bjelland

Mo Laksegard, Sandsbygda

Fiske
Arrangement
Konferanse
Overnatting
Serveringsstad
Vandring
På Mo Laksegard kan du oppleve Suldalslågen og laksen på nært hald. Bedrifta tilbyr overnatting, matservering, sal av fiskekort og aktivitetar som elverafting og laksesafari.

På Mo Laksegard kan du oppleve Suldalslågen og laksen på nært hald. Bedrifta tilbyr overnatting, matservering, sal av fiskekort og aktivitetar som elverafting og laksesafari. Dei har 40 sengeplassar, fordelt på hytter, leilegheiter og rom.

Å gå inn dørene på Mo Laksegard er nett som å entre inn i eit britisk lakseslott. Klassiske møblar, bilete av ein glad fiskar med rekordlaks i fanget prydar veggane saman med bilete av Kong Olav då han var på vitjing i Suldal. Ute i baren sit du under glastak og ser rett ut på det populære bassenget., som fungerer både som opplæringsbasseng for dei gjestene som skal prøve Laksesafari, men og som badebasseng når temperaturen er god.

Kortresit mat er og eit kvalitetsstempel på laksegarden, dei får til dømes skogsgris levert frå naboen i bygda. Korte avstandar til gode råvarer gir også gode resultat på kjøkkenet der smaksrike rettar blir trylla fram. Bedrifta brygger også sitt eige øl som ein kan få kjøpe i baren. Ølsortane har sjølvsagt fått lokale namn som Mørk Suldal og Glad Laks. I tillegg tilbyr dei øl-smaking og omvisning i bryggeriet som eit eige produkt.

Laksesafari er eit unikt tilbod der du kan flyte nedover elva iført tørrdrakt, maske og snorkel for å utforske livet i Suldalslågen. Det er ganske magisk når du får storlaksen så tett innpå deg. "Me vil gjerne gi gjestene våre ei unik oppleving. Dei skal få kjenne på kor spesielt det er å flyte nedover elva og sjå laksen som flyt under deg. Eller dei skal få sitje rundt bålet oppe i villmarksleiren vår og nyte god og lokal mat", seier Valborg S Rognskog og marknadsleiar Bjørn Moe.

Mo Laksegard, Sandsbygda

Sesong: Heile året.

Kapasitet: 6 hytter/leilegheiter med totalt 40 senger, med aktiviteter som laksefiske, elveekspidisjon, laksesafari og guide tur til deira gardsbryggeri.

Meir informasjon og booking på deira nettsider her.