På Suldalsosen kan du oppleve den fantastiske Suldalsnaturen som gjest hjå Osa-Bu, som har både hytter og pensjonat. Her overnattar du eit steinkast unna Suldalsvatnet, som blant anna er kjent for Suldalsporten. Osa-Bu ligg berre ein kort gåtur frå dei to matvarebutikkane på Suldalsosen.
Her er flott turterreng, kort veg til Gullingen som kan tilby skiløyper, skitrekk og flotte turar sommar og vinter. I tillegg tilbyr familiebedrifta på Suldalsosen turar med minibuss.
"Grillhytta som ligg i skogen her er populær, dei som br her kan låne den. Her er det rom for mange koselege kveldar med grilling," seier vertskapet Anne Marie og Nils Paul Fisketjøn.
Sesong: Heile året.
Kapasitet: 4 hytter med 2 soverom; 6 senger i kvar. 2 hytter med 2 soverom; 4 senger i kvar. Eit hus med 5 soverom.
For meir informasjon og booking besøk nettsida deira her.