Ryfylke Fjordhotel
Ryfylke Fjordhotel
Lise Bjelland
Lise Bjelland
Ryfylke Fjordhotel
Lise Bjelland

Ryfylke Fjordhotel, Sand

Fiske
Foss/elv
Næring
Konferanse
Fjell
Overnatting
Serveringsstad
Vandring
Heilt i sjøkanten på Sand ligg ei perle av eit hotell. Ryfylke Fjordhotel kan freiste med smakfulle rom, fantastisk atmosfære med god mat i restauranten og ute-servering der ein har storslagen utsikt på den vakre Suldalsnaturen.

Heilt i sjøkanten på Sand ligg ei perle av eit hotell. Ryfylke Fjordhotel kan freiste med smakfulle rom, fantastisk atmosfære med god mat i restauranten og ute-servering der ein har storslagen utsikt på den vakre Suldalsnaturen. Eigarane Tina Cosette og Erling Asbjørnsen har lang erfaring i hotellbransjen, og på midten av 1980-talet valde dei å satse på eit nytt hotell på Sand. I 1996 kunne dei opne dørene til det som då var Ryfylke Turisthotel, men som etter 10 år med drift skifta namn til Ryfylke Fjordhotel. I 2012 opne dei ein ny hotellfløy med 16 nye rom, nytt inngangsparti og ny bar, samstundes som alle fellesareal på hotellet vart pussa opp. Om sommaren held dei også ute-restauranten "Promenaden" ope som har ei fantastisk plassering like ved Suldalslågen, sit du her kan du vera så heldig at du ser laksen hoppe.

Om lag 17,000 bur på hotellet kvart år - i tillegg kjem alle dei som berre vil ta ein matbit eller noko å drikke. Dei største målgruppene deira er kurs og konferanse, yrkestrafikk og turistar, som anten reiser på eigahand eller med større turbussar. Hotellet har no totalt 64 rom, noko som gir dei ein god kapasitet. Mange av gjestene kjem sjøvegen frå Stavanger. "Båten til Stavanger er viktig for oss, ikkje minst når det gjeld kurs og konferansemarknaden. Mange av dei som held kurset hjå oss kjem med båten. Blant tursitane er det meir variert om dei kjem med hurtigbåten eller med bil" fortel Tina Cosette.

Tina og Erling brenn for hotelldrifta på Sand. Dei gler seg over å gi kundane ei god oppleving i Suldal. "Det er veldig forskjellig kva dei ynskjer å få med seg medan dei er her," sier Tina. "Nokre er opptekne av å oppleve naturen og kome seg ut, medan andre ynskjer å få med seg gode kulturopplevingar", seier Tina og viser til Ryfylkemuseet og Kulturhuset i Suldal som gode arenaer.

Ryfylke Fjordhotel, Sand

Sesong: Heile året.

Kapasitet: 64 rom, med totalt 118 senger. Konferanse fasiliteter.

For meir informasjon og booking besøk nettsida deira her.