Sand
Lise Bjelland
Sand
Lise Bjelland

Hydrokaien Parkering, Sand

Bubil og camping
Fiske
Næring
Førestilling
Kunst & handverk
Overnatting
Serveringsstad
Utstilling
Vandring
Hydrokaien er ein flott parkeringsplass rett ved fjorden som eignar seg godt for camping- og bubilar. Her har du tett nærleik til strand, butikkar og meir.

Hydrokaien ligg i Nordenden, som utgjer slutten av strandstaden Sand. Her finn ein ein stor og romsleg parkeringsplass perfekt for camping- og bubuilturistar som ynskjer å vera tett på fjorden. Like ved finn ein Neset badestrand som er godt eigna for barn av alle aldrar og ein oppmerka grillplass. Nærmaste nabo er Ryfylkemuseet der dei har ein liten kafe, musumsbutikk og ulike utstillingar.

Hydrokaien ligg i gåavstand frå Sand sentrum med ulike butikkar, apotek, daglegvare og Sand torg med ulike torgdagar og arrangement. Ein kan også ta turen innom Laksestudio og Høse-Bru som er ein del av ein lengre rundtur. Sand sentrum er også eit godt utgangspunkt for ulike vandreruter og sykkelruter.

Hydrokaien Parkering, Sand

For meir informasjon kontakt turistinfomasjonen eller sjå informasjon på staden.

100 NOK/døgn