Mist i sentrum på Sand finn du Suldal Hotell. hotellet ligg sentralt plassert og kan tilby overnatting i ei lun og koseleg atmosfære. Hotellet har 23 enkelt- og dobbelrom med både bad, wifi og fjordutsikt. Hurtigbåten legg til kai berre ein kort gåtur unna hotellet, og ellers er det gode parkeringsmoglegheiter i nærleiken.
Her kan du nyte ein god frukost i matsalen, fær du tek ein rusletur i Gata på Sand der du kan handle i lokale butikkar eller drikke ein kaffi på det nye og flotte torget vårt. Hotellet ligg mellom Preikestolen og Trolltunga, og er ein populær stoppestad for dei som ynskjer å oppleve den fantastiske Suldalsnaturen. På Sand kan du også få med deg Høse-Bru som eit arkitektur-høgdepunkt, det flotte kulturhuset vårt, badestrand eller kanskje ein tur innom Ryfylkemuseet freistar.
Sesong: Heile året.
Kapasitet: 23 enkle- og dobble rom, med konferanse fasilitetar.
For meir informasjon og booking besøk nettsida deira her.