Vikane Hyttetun
Vikane hyttetun
Lise Bjelland
Lise Bjelland
Vikane Hyttetun
Lise Bjelland

Vikane hyttetun, Suldalsosen

Fiske
Fjell
Overnatting
Vandring
Det over 100 år gamle gardstunet er ombygd og restaurert til gode, komfortable hytter der du enno kan kjenna den koselege, gammaldagse atmosfæren.

Vikane Hyttetun er ein idyll midt mellom høge fjell og eit steinkast frå vakre Suldalsvatnet. Det over 100 år gamle gardstunet er ombygd og restaurert til gode, komfortable hytter der du ennå kan kjenna den koselege, gammaldagse atmosfæren. Den gamle løa er ombygd til 3 leilegheiter med god standard. Her kan du anten bu i Stallen, Fjoset eller Løa. Og sjølvsagt er det gamle Huset eit godt alternativ.

Ved stranda ligg badstova og badestampen. Der ligg og grillstova som blir nytta til servering for grupper. Der kan du nyta god, heimelaga mat. Som gjest kan de bruka gamle båtar og kanoar. Fiskekort kan du kjøpe på inatur.no.

Her kan du bu i gode hytter saman med familien. Eller du kan ta med venner frå jobben på blåtur. Kvifor ikkje leggja utdrikkingslaget eller fødselsdagsfeiringa til Vikane?

Vikane hyttetun, Suldalsosen

Sesong: Heile året.

Kapasitet:  2 hytter med 3 soverom + loft (6-8 personar), 1 hytte med 2 soverom + loft (4 - 6 personar) og 1 hytte med 1 soverom+ loft (4 - 6 personar).

Meir informasjon og booking på nettsida deira her.