Jelsa: Forhistoriske minne

Kulturhistorisk løype på Jelsa

Går ein nokre hundre år tilbake i tid var Jelsa eit viktig senter i Ryfylke og fungerte som eit intellektuelt sentrum og ein sentral handelsstad. Her møtest fleire fjordar, og strandstaden Jelsa var difor eit viktig knutepunkt med sjøvegen som den viktigaste vegen inn og ut av regionen. På 1800-talet hadde Jelsa mange handverkarar som bakar, skomakar, smed, gullsmed og eit gjestgiveri. På tidleg 1600-tal er det jamvel omtala ein spelemann her på strandstaden! Den dag i dag  finn ein  flotte Jelsa kyrkje og skulemuseet som eit minne om Jelsa sin posisjon på 16- og 1700-talet.

Ved å ta den kulturhistoriske løypa gjennom sentrum kan ein læra meir om strandstaden frå denne tida og fram til i dag. Her får ein høyra om korleis Jelsa kyrkje blei bygd rundt den stavkyrkja som sto der opphavleg, ein får høyra om turbulente presteval og ein får innsikt i kvifor skulehuset vart bygd på Jelsa. Ein får også høyra historia om då straumen kom til Jelsa for første gong, om friar-benkene som er sett opp i området, og ein får høyra historiske tonar frå strandstaden. Det er lokale forteljarar som fortel historiene.

Manus: Tore Thorsen, Øystein Haga, Ruth Haga I Forteljarar: Tore Thorsen, Øystein Haga, Ruth Haga, Cecilie Jelsa, Maren Landsnes I Musikk: Folkemusikkarkivet/Ryfylkemuseet I Film: Borghild Nærheim og Andreas Lange/Vandre lm. I Historisk grunnlag: Jelsa: Gardar og folk

Du er her –
Kulturløype illustrasjonskart

You are here –
Kulturløype illustrasjonskart
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.