Jelsa: Musikk frå Jelsa

Kulturhistorisk løype på Jelsa

Brureslåtten frå Jelsa

I 1931 kom den landskjende folketonesamlaren og felespelaren Arne Bjørnsdal til Jelsa. Hjå stortingsmann Lars Jelsa fekk han denne brureslåtten i samlinga si. Det viste seg at mange i Jelsa kjende slåtten, som elles var heilt ukjend andre stader. Mange har nok spela han i bryllaup i bygda. Det er mogleg at det er Spele-Lars, Lars Thorsen Jelsa (1812-1879) som står bak brureslåtten. Her gjengir Øystein Haga på fløyte og Eddie Andresen på tromme bruraslåtten frå Jelsa etter Lars Jelsa.

Man Fandt Jo Dette

Tradisjonen med religiøse folketonar er svært gammal og av det eldste og mest særeigne materialet av folkemusikk i vårt distrikt. Bertha Rafdal (1864-1960) frå Bakka i Sauda er ei viktig kjelde til desse songane, ho formidlar den alderdommelege stilen med eldre tonalitet og utforming av songane. Åshild Vetrhus (f. 1978) syng her ein salme etter henne: Man fandt jo dette himmelsind.

Folkemusikkarkivet for Rogaland er ein del av Ryfylkemuseet og har heile fylket som arbeidsfelt. Arkivet forvaltar ei samling på om lag 500 einingar med opptak på lyd og video og driv mykje formidlingsarbeid innan folkemusikk og folkedans.

Du er her –
Kulturløype illustrasjonskart

You are here –
Kulturløype illustrasjonskart
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.