Olav Bråtveit (1896-1973) vaks opp i Bråtveit. Som vaksen bygde han seg hus i Eidsvegen på Sand, der han budde saman med kona Anna Danielsdotter Fattnes og fire barn. Han var tilsett som sløydlærar og vaktmeister ved Ryfylke folkehøgskule på Sand i 40 år. Olav Bråtveit er den største kjelda me har til den gamle slåttemusikken på hardingfele i Suldal. Her syng han ein barnesull: Ru ru rudde, og spelar springaren Signe Ulladalen.
Folkemusikkarkivet for Rogaland er ein del av Ryfylkemuseet og har heile fylket som arbeidsfelt. Arkivet forvaltar ei samling på om lag 500 einingar med opptak på lyd og video og driv mykje formidlingsarbeid innan folkemusikk og folkedans.
Film: Borghild Nerheim og Andreas Lange I Musikk: Folkemusikkarkivet
Du er her –
You are here –
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.