I feire hundre år var Sand ein sentral strandstad med laksefiske, tømmerfløyting, handverk, jektefart og handel. Sand hadde si storheitstid midt på 1800-talet då folketalet var på det høgaste og det i tillegg var stor aktivitet med skipsbygging og sildesalting.
Sand safari er ei turløype som går gjennom strandstaden der du ved å scanne QR-kodane vil læra meir om den spanande historia her. På kvar post vil det dukka opp barn eller ungdomar som har vakse opp på strandstaden, nokon av dei på byrjinga av 1800-talet, to av dei på 1870-talet og andre tidleg på 1900-talet. Dei vil presentera seg sjølv og litt av strandstaden på den tid dei vaks opp.
Det er dramaelevar i kulturskulen som spelar dei autentiske rollene og fortel om Sand.
Manus og regi: Anne Elisebeth Skogen I Dramalærar og instruktør: Ann Kristin Søvåg I Film: Borghild Nerheim og Andreas Lange I Dramaelevar: Johanne Klungtveit Næsje, Amanda Berekvam, Benedikte Birkeland Haug, Ilia Susanne Obrecht-Speth, Ida Steine, Ella Solvang, Angelica Eike Kaltveit, Vlada Storcheus, Jakub Ragnar Szigeti, Gaute Andreas Stråpa, Jun Hagen, Hanna Søraas Vasshus, Rakel Underbakke. I Personleg forteljing: Andreas Nielsen I Musikk: Folkemusikkarkivet I Historisk grunnlag: Sand: Gardar og folk III av Ernst Berge Drange.