På 1960-talet gjekk Nesflaten frå å vera ei lita, tradisjonell vestlandsbygd til å vera eit av hovudseta for det som i si tid var Noreg sitt største industriprosjekt: Røldal-Suldal Kraft. Den dag i dag er kraftanlegget med på å forsyne aluminiumsfabrikken til Hydro på Karmøy med fornybar og grøn energi. I videoen fortel tidlegare kraftverksjef, Tor Inge Havrevoll, frå den tida då arbeidet tok til på Nesflaten.
Film: Borghild Nerheim og Andreas Lange/Vandrefilm. Manus og forteljing: Tor Inge Havrevoll. Informasjonsgrunnlag: Røldal-Suldal Kraft/Hydro.
Prosjeketet er eit samarbeid mellom Suldal kommune, Suldal Vekst/Visit Suldal, Hydro, Statkraft, Statnett og Haugaland Kraft.