Laksesafari i Suldalslågen © Skattkammeret Suldal Foto: Lise Bjelland

Aktivitetar i vatnet

Suldal er ein vasskommune av dimensjonar, og binn saman fem ulike fjordar, ei av vestlandets største fiskeelver og ei rekke ulike fjellvatn og elver. Her finn du moglegheiter for rafting, kano, kajakk, bading i salt- og ferskvatn, bekkevandring og mykje meir. Kva med ein guida tur utover fjorden med Padleakademiet, der ein kjem tett på elementa og ein får kunnskap om lokal natur og kulturhistorie undervegs? Eller kva med å avslutte dagen med ein tur i symjehallen Suldal Bad, eller under stjernehimmelen i ein vedfyra stamp? Valet er ditt!