Administrasjonsbygget på Nesflaten © Statens vegvesen. Foto: Dag Jenssen

Arkitektur

Suldal tilbyr eit mangfald av arkitektoniske perler, med spor frå mange stilarter og historiske periodar. På Nesflaten kan ein finna eit av dei best bevarte døma på fuksjonalistisk design med Energihotellet og kraftstasjonen designa av Geir Grung. Høsebrua over Suldalslågen har vunne prisar for sitt spesielle design, og Guggedalsloftet på Kolbeinstveit er eit av dei eldste trebygga i Rogaland.

Rundturen Suldal-Sauda-Røldal langs Nasjonal Turistveg Ryfylke er perfekt for ein dagstur og tek ein på ei reise gjennom historisk og moderne design i flott naturlandskap.