Laksesafari © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Nasjonal Turistveg Ryfylke

Nasjonal Turistveg Ryfylke langs Rv 13 går gjennom Suldal, og er ei av 18 utvalde ruter i Noreg med ekstraordinært landskap. Vegen snirklar seg langs fjellkanten ved fjorden og er ei reise full av kontrastar. Her møter du nakent høgfjell, frodige lier, stupbratte fjellsider og djupe fjordar. Sidan Ryfylke er ei lang og variert strekning kan det være lurt å bruka god tid. Det er også ei rekkje arkitektoniske bygg, kulturhistoriske anlegg og gode vandre- og sykkelruter langs ruta.

Sjekk ut "Bli Inspirert" seksjonen for gode tips til fleire stoppunkt.