Drikke frå bekk © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Naturattraksjonar

Naturen i Suldal ber preg av kontrastar frå høge fjelltoppar til djupe dalar, rolege fjellvatn til mektige fossar, storslagne fjelltoppar til lune dalføre, kraftige lakseelver og blikkstille fjellvatn. Ta beina, skia eller sykkelen fatt og nyt dei gode naturopplevingane i fred og ro.

Ein tur til dette området er ikkje komplett utan ein tur innom eit av Noreg sine største vassmagasin i Blåsjø, eit innblikk i livet til laksen på Laksestudio, og ein roleg kveld ved eit fiskevatn under stjernehimmelen.