Hellandsnuten © Skattkammeret Suldal. Foto: Ryfylkefotografen

Vandring

Suldal er eit paradis for den ivrige turgåar med 5 av dei 7 høgaste toppane i Rogaland i vår kommune. Heile året kan du nyte eit rikt nettverk av toppturar, rundturar og meir avslappande ruter for alle nivå og ønskje. Her får du fantastisk utsikt over fjord og fjell som lønn for strevet. Kva med ein tur til Standdalen Turisthytte for tradisjonsrik komle i frisk fjelluft? Eller kanskje ein tur til Hellandsnuten der du får utsikt over fem fjordar?

Suldalen sjølv konkurrerer i "Nutfant"-konkurransa der ein skal få med seg 6 nutar i løpet av eit år. Ein skriv namnet sitt i boka ein finn på toppen, og alle som har gjennomført vil bli nemnd i lokalavisa og får tilsendt medalje til hausten.