På ski © Skattkammeret Suldal Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Vinteraktivitetar

Suldal kjem til live i ny drakt i vinterhalvåret, og når snøen legg seg kjem det heile 70 km av oppmerka skiløyper fram i terrenget. Her kan ein nyte ein roleg tur i ei av våre skiløyper, ta med familien til skileiken, frese nedover slalombakken på Gullingen eller prøve seg på ein av våre flotte toppturar der ein av og til får følelsen av å vera heilt åleine på toppen av verda. Avslutt dagen med middag på Gullingen Fjellstove eller i ein av våre vedfyra stampar. Om vinteren er det også mykje aktivitet i grendene våre med arrangement, butikkar Kulturhus og museum.