Inngangspartiet til Bleskestadmoen turisthytte.
Bleskestadmoen © Stavanger Turistforening. Foto: John Petter Nordbø.

Bleskestadmoen Turisthytte

Fjell
Overnatting
Vandring

Bleskestadmoen ligg på ein frodig stølsvoll og er Stavanger Turistforening si aller eldste hytte. I tidlegare tider møttes suldøler og austmenn til hestehandel på Bleskestadmoen.

Hytta ligg to timars gange opp i frå Bleskestad. I 2001 vart gamlehytta ( bygdi 1891) restaurert og sett opp i si opprinnelege form. Samtidig vart det nettopp ei heilt ny hovudhytte. I samarbeid med grunneigar vart eldhus og løe også restaurert. Bygga ligg flott til på ein stølsvoll omkransa av fjellbjørkeskog og av snaufjellet. Det er fiskemuligheitar i Bleskestadåna, medlemskort i STF (Stavanger Turistforening) gjeld som fiskekort. Andre må kjøpe fiskekort.

 

Det går mange stiar til og frå Bleskestadmoen. Du kan komme nordi frå via Holmavatnhytta, Breive og Jonstøl/Mostøl. Kortaste turen er i frå Bleskestad.

Bleskestadmoen er sjølvbetjent hytte med matlager og tilgjengeleg heile året.Gjestene ordnar seg sjølve med matlaging, vask og rydding.

Du betalar med betalingsfullmakt som ligg i hytta eller lastar ned DNT- appen før avreise.

Ein lett rundtur kan vere å parkere bilen på Bleskestad og bestille drosje vidare til Sandvatn. Frå Sandvatn til Bleskestadmeoen tek det 2 timar. Neste dag merka løype tilbake til Bleskestad, 2 timar.   

Avstand: 5,1 km, Tid: 3 timar- ein veg
Gradering: raud ( krevjande)
Høgste punkt: 700 moh.
Tilkomst: Til Bleskestad i frå Nesflaten v/ RV 13.

console.log(false);