Erøy, Erfjord
© Skattkammeret Suldal Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
Erøy, Erfjord
© Skattkammeret Suldal Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto

Erøy Rundt

Vandring
Sykkel
Vandring: Lett

Alternativ 1

Følg hovudvegen til Tednes. Der asfalten sluttar, fortset vidare 3-400 meter rett fram. Følg skogsveg til høgre opp til løypa sitt høgaste punkt. Ny skogsveg nedover der ein kryssar ein liten bekk. Vidare på sti gjennom skogen og inn på skogsvegen som går ned til Bogsfjorden 500 m nord for Hattavågen. Følg skogsvegen langs sjøen attende til hovudvegen på Erøy.

Tid: 2 timar

Avstand:6 km.

Gradering: Lett (grøn)

Høgste punkt: 183 moh

Tilkomst: Med bil til Erfjord.


Alternativ 2. Erøy – Hattavågen (del av Erøy rundt)

1- 1,5 time, tur/retur.

Parker ved Betel Bedehus på Erøy. Følg bilveg som går opp mot gardstun, og ta første veg til høgre. Følg veg som går gjennom og forbi gardstun, og vidare langs sjøen ut til Hattavågen. God skogsveg heile vegen. Godt eigna for barnevogn og sykkel. Hugs å lukke grindene!

Tid: 1- 1,5 timar

Avstand: 3 km.

Gradering: Lett (grøn)

Høgste punkt: 183 moh

Tilkomst: Med bil til Erfjord.