Picture of Guggedalsloftet, Kolbeinstveit
Guggedalsloftet © Skattkammeret Suldal Foto: Anne Lise Norheim
Picture of Guggedalsloftet, Kolbeinstveit
Guggedalsloftet © Skattkammeret Suldal Foto: Anne Lise Norheim

Guggedalsloftet - Rogalands eldste trebygg

Kunst & handverk
Arkitektur

Guggedalsloftet på Kolbeinstveit er ei kulturell og arkitektonisk perle. Stabburet er det eldste trebygget i Rogaland, med øvre halvdel frå 1200-talet og nedre del frå 1400-talet. Bygget blei truleg brukt til å lagre mat, men dei hadde også gjester på garden buande her i periodar.

Guggedalsloftet er orginalt frå Guggedalsgarden i Bråtveit, men blei flytta til Kolbeinstveit av Ryfylkemuseet. Stabburet sto også ein periode i Stavanger som en del av eit planlagt regionalt museum, men blei flytta tilbake då treverket ikkje tålte klimaendringa. På Kolbeinstveit står stabburet som ein fin del av eit større museumstun der hovudhusa er frå 1850-talet. 

Om sommaren kjem Kolbeinstveit til liv med dyr og vertskap i tradisjonelle klede. Vertskapet tek deg gjerne med på ein guida tur for ei innføring i byggas rike historie.

console.log(false);