På denne turen padlar ein blant holmar, skjær, trange sund og skog. Økstrafjorden er ein skjerma og flott fjord, som skapt for padling. I kajakk føler du deg også skikkelig i eitt med naturen.
Du treng ingen forkunnskapar om padling. Ope for grupper heile året. Ope for enkeltbestillingar i sommarsesongen. Turen tek omlag 5 timar og startar frå Foreneset. Pris: 890 kr/vaksen, 690 kr/born. Les meir på fjordexpedition.com.
NYHEIT! Sommaren 2022 kan ein bli med på guida tur kvar dag i juli og august kl 11:00! Bestill turen allereie i dag via denne lenka.
Øyvind Stuvik eig og er dagleg leiar av Fjord Expedition. Han bur på Jørpeland, men er opphavleg frå Suldal. Frå han var liten har han vore glad å bruke naturen i lokalområdet. Han er ofte på fjelltur eller på fjorden for å padle i kajakk eller fiske frå båt.