Vinter på Gullingen
Vinter Gullingen © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
Båt på Mosvatnet
Båt på Mosvatnet © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto

Gullingen turområde

Fjell
Vandring
Fiske
Foss/elv
Kajakk
På ski
Serveringsstad
Symjing
Overnatting
Teltplass

Gullingen er eit flott turområde med ei rekke gode naturopplevingar sommar så vel som vinter. Naturen er dominert av fjellbjørk, og ein kan ofte møte rev, hare og ørn når ein ferdas i fjella. Det er også meir og meir vanleg med elg i området. Historisk har området blitt brukt til jakt og sommarbeite, men i nyare tid har området også blitt utvikla med fleire større hyttefelt.

Gullingenområdet tilbyr ei rekke gode utandørs opplevingar med eit velutvikla turnettverk av ulik vanskelegheitsgrad. Langs desse løypene finn ein også fleire flotte turisthytter som ligg under Den Norske Turistforeining. Om vinteren finn ein fleire lysløyper, skileikar, rundturar og toppturar som ein kan prøve seg på med ski på beina. Gullingen Turistforening  driftar også ein slalombakke her.

Det er fleire fine fiskevatn i fjellområda. Då kan ein kjøpe fiskekort på iNatur her for perioden ein ynskjer. Frå Gullingen Turistsenter kan ein leige fiskeutstyr, kano og båt.

Gullingenområdet er også heim til Noregs største kraftutbygging Ulla-Førre som ein kan sjå ved å besøke den mektige Førrevassdammen og dei andre dammane som utgjer Blåsjø-området. Ein sykkeltur frå Gullingen Turistsenter til Blåsjø er ei flott oppleving. Husk at vegen kun er open etter at snøen er vekke for sommaren.

console.log(false);