Gullingen
Gullingen © Skattkammeret Suldal Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
© Skattkammeret Suldal Foto: Kjetil Brekke/ Suldal Foto

Gullingtoppen

Fjell
Vandring: Krevjande

Gullingentoppen er ein flott tur dersom ein ynskjer eit par timar ute i frisk luft, samstundes som ein får flott utsikt over Gullingenområdet. Ein kan starte turen frå skitrekket og oppover bakken til ein møter stien, eller ein kan starte frå Gullingen Turistsenter der det er merka løype opp til skitrekket. Det siste strekket før ein er på toppen er nokså krevjande, men det er sett opp tau som er til hjelp for å koma seg opp.

Ein kan ta ein avstikkar på vegen innom Grønhovet (842 moh).

 

Tid: 2 timat

Avstand: 7 km

Kategory: Krevjande (red)

Høgste punkt: 979 moh

Tilkomst: Med bil langs Rv13, der ein tek av mot Blåsjø.