Menneske i slalombakke
Gullingen skisenter © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam

Gullingen Skisenter: Perfekt for kjelkekøyring!

Fjell
På ski

Gullingen Turistsenter og Fjellcamping har eit eige skisenter med slalombakke 800 meter frå sjølve turistsenteret. Bakken opnar så snart snøen tillet det og held på utover mot påsketider så langt vèret held. Dette blir annonsert på deira nettsider og sosiale medier. Skianlegget er på totalt 800 meter, og det er tre ulike løyper å velge mellom på veg nedover der høgdeforskjellen er på totalt 175 meter. Det erogså ein barneskiheis her på 160 meter. Gullingen skisenter er også einaste seneret iRogaland som tilbyr kjelkekøyring i skibakke.

Like under trekket finn ein ei varmestove som er innbydande og varm. Her kan ein kjøpe seg mat og drikke. Det er skjenkebevilling her frå klokka 12:00.