Finstove på Håland
Håland © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Hålandsnuten ovanfrå
Håland © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Hålandstunet

Arkitektur
Bubil og camping
Fiske
Næring
Fjell
Utstilling

Håland har alltid vore ein av hovudgardane i Erfjord, og blir drifta av Ryfylkemuseet. Stovehuset på Håland er det best møblerte og best utstyrte av dei antikvariske bygningane til Ryfylkemuseet. Her får ein eit innblikk i korleis livet var på storgarden, og korleis dei betrestilte i bygdesamfunnet hadde det. Mellom 1640 og 1740 var Håland lensmannsgard og tingstad i fleire periodar. Anlegget er restaurert, og består i dag av dei tre bygningane målastova, homannsbua og stovehuset.

Ein av dei gjævaste gjenstandane i Ryfylkemuseet si eige er Hålandsbibelen eller Kong Christian den IIIs bibel frå 1550. Det er spesielt at eit eksemplar av denne første danske bibelomsettinga kom til Håland, og at vi har lukkast med å ta vare på den. Bibelen vart funnen bakom ei paneling i den eine stova på Håland då det skulle leggjast inn elektrisk straum i 1913. Her kan den ha lege i fleire hundre år før han vart attfunnen. I dag kjenner vi berre til at det finst 35 eksemplar av denne bibelen i Noreg, av desse er 5 i Rogaland. Bibelen ligg i dag på magasin.

Følg med på Ryfylkemuseet sine sider for opningstider og arrangement.

For å besøke praktgarden Håland tar du av frå riksveg 13 i Hålandsosen mot Østerhus. Over brua tar du til venstre.

console.log(false);