Bilde av Hellandsnuten
Utsikt © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto
Bilde av Hellandsnuten
Utsikt © Skattkammeret Suldal Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto

Fjordutsikt frå Hellandsnuten

Fjell
Vandring: Ekspert
Vandring: Krevjande

Hellandsnuten er ein flott nut der ein frå toppen får ein utsikt over områdets fem fjordar med Sandsfjorden, Hylsfjorden, Saudafjorden, Vindafjorden and Lovrafjorden.

Turen startar frå Joagarden Barnehage på Eide der ein finn ein parkeringsplass. Inngangen til Stegåsen turområde finn ein like oppe på høgda over parkeringsplassen. Herfrå følgjer ein vegen opp til ein kryssande traktorveg ved Jonsokplassen som ein følgjer oppover mot høgre og tek av mot høgre ved første moglegheit, før ein følger den dei blå merka og stien vidare oppover. Fleire parti på denne turen kan vera krevjande der det er særs bratt. Belønninga får ein likevel på toppen då ein kan ta inn ei av dei beste panoramautsiktene i heile regionen! Hugs å skriv deg i turboka som ligg ved varden!

For dei som ynskjer ein litt rolegare tur ein kan også prøve seg på Stegåsen rundt eller Eidsliane i same turområde.


Tid: 6 timat

Gradering: Krevjande (raud/svart)

Høgste punkt: 740 moh

Tilkomst: Med bil til Eide på Sand