Fugleperspektiv av Holmevasshytta i vinterlandskap.
Holmavatn © Stavanger Turistforening. Foto: John Petter Nordbø.

Holmevasshytta Turisthytte

Overnatting
Vandring
Fiske
Fjell

Holmevasshytta er Stavanger Turistforening si høgast liggjande hytte, på 1130 meter. Hytta ligg ein dagsetappe i sørover frå Haukeliseter, eller ei halv dag i frå Sandvatnet i Suldal (På ruta mellom Bleskestadmoen og Holmavatnet).

Hytta ved Holmavatnet ligg flott til på dei vide Fidjaflatene med flott utsikt over Holmavatn. Her gjekk den tidlegare ferdseslvegen mellom Roalkvam og Flothyl.

 

Du kan velje å sove i hovudhytta eller annekset like ved. Det er 20 sengeplassar i hytta, og 6 senger i annekset. Me gjer merksam på at Holmevatn er stengd dei to første vekene i reinsjakta kvart år. Ta kontakt med tursenteret i StavangerTuristforening dersom du har spørsmål.

Medlemskort i STF gjeld som fiskekort på Rogalands sida av Holmavatnet og nedover langs Bleskestadåna inkludert Sandvatnet og Litlavatnet. Andre må løyse fiskekort som finnes på inatur.no.

 

Holmavatn er sjølvbetjent hytte med proviantlager og er tilgjengeleg heile året.

 

Betalingskjer ved betalingsfullmakt. Eller last ned DNT- appen før avreise.

Tilkomst om sommaren: Merka løype frå Haukeliseter til Holmevatnhytta (6 timar), Vidare er det også merka ruter til Kvanndalen, Bleskestadmoen og delsvis merka til Sloaros.

 
Det vert kvista til/frå Haukeliseter i skulevinterferie, til Sloaros blir det kvista 1.mars og vidare til Bleskestadmoen til påske.

console.log(false);