Bilde av Høsebrua
Blåklokke © Skattkammeret Suldal. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Bilde av Høsebrua
Høsebrua © Skattkammeret Suldal. Foto: Dag Jenssen

Høsebrua

Fjell
Arkitektur
Utkikkspunkt
Nasjonal Turistveg Ryfylke
Vandring

Høsebrua er ein av stoppa på Nasjonal Turistveg Ryfylke, og ligg like ved Sandsfossen i starten av Suldalslågen på Sand. Å gå over brua er ei sterk oppleving då ein kan sjå den mektige elva bruse udner beina på ein når ein er utpå. Om vinteren lyser brua opp vatnet på majestetisk vis.

Brua er bygga i stål og er 29 meter brei, og veg 23 ton. Den er teina av Rintala Eggertsson Architects, og har ein konstruklsjon med opne og lukka parti som gir ei veldig spennande oppleving over Suldalslågen og Sandsfossen. Brua vann pris på Bridge of the Year i 2014.

Nye turruter i området blei etablert i 2013, og ein tur til brua kan kombinerast med ein lett spasertur langs elva eller ein meir krevjande tur opp i fjella bak elva. Turistkontoret Fossheim (ope i sommarsesongen), Laksestudio og Sandsfossen ligg like ved.