Fjorden
Fjordutsikt på Hebnes © Skattkammeret Suldal. Foto: Anita Svendheim
Bauta
Tostein av Heimnes © Skattkammeret Suldal. Foto: Anita Svendheim

I vikinganes fotspor (Halvøynå)

Sykkel
Båt & sjøliv
Utkikkspunkt
Fiske

Ta ein sykkeltur i vikinganes fotspor frå Vormestrand til Hebnes: heimstaden til kanskje den største vikinghovdingen i Ryfylke! Ein flott tur i nokså flatt terreng forbi gardsbruk, flotte utkikkspunkt utover fjorden, gravrøyser oppmot 3500 år gamle, naust frå jernalderen og Torstein frå Heimnes, kong Håkon Håkonssen sin fremste rådgjevar i krig og fred, sitt minnesmerke.

Turen startar ved Vormestrand kai, der du har stor parkering. Ta sykkelen opp bakken og vidare langs bilvegen mot Hebnes. Det er ikkje mykje trafikk på vegane så her kan du nyte gardsbruk, fjordutsikt og flott natur i nokså flatt terreng utover. Pass likevel på å halde sida og å følgje trafikkreglane då det kjem bilar som vil forbi av og til!

Når du kjem inn til Hebnes tek du av til høgre ved skilt merka med "Bauta" ved Hebnes kai. Her kan du lese den spanande historia til Torstein av Heimnes. På holmen bak bautaen kan ein også sjå  fleire historiske gravrøyser og eit naust frå jernalderen. Merk deg ut gravrøyser du vil oppdage frå informsajonskartet og legg ut på oppdagelsesferd i heimstaden til sjølvaste vikinghovdingen Torstein!

console.log(false);