Picture of Jelsa
Jelsa © Skattkammeret Suldal. Foto: Rune Roalkvam
Picture of Jelsa
Skulemuseet © Ryfylkemuseet Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto

Jelsa – Ryfylkes best bevarte strandstad

Arkitektur
Bubil og camping
Fiske
Næring
Fjell
Vandring

Jelsa er Ryfylkes best bevarte strandstad, og har blitt kåra til den mest idylliske staden i Rogaland. Her kan du spasere blant gamle nabolag og kvite trehus. Det er også ei flott badestrand her ein kan nytte om sommaren.

På Jelsa finst det i dag eit koselig miljø av småhus frå 1700-tallet med den vakre trekykja frå 1647 som nærmaste nabo. På Jelsa var det gjestgiveri og handel frå slutten av 1600-tallet og kyrkjestad frå 1200-tallet. Frå 1855 kom Jelsa på rutekartet til dampskipstrafikken i Ryfylke.

Den nåværande kyrkja er i renessansestil og var ferdigstilt i 1647. Kykja blei laga av dåtidas beste handtverkerar. Flere endringar er gjort i seinare tid. På 1950-talet fekk ein tilbake deler av den gamle innvendige utsmykkinga. Kykja er ei av de få privateigde kykjene i landet. Ikkje langt frå sentrum av Jelsa ligg den freda prestegarden og et galleri.

Skulehuset, den Riibergske skule, blei bygd i 1774 med midler frå ei stifting oppretta av Marcille Riiberg i 1755. Marcille Riiberg var brordotter til Jelsapresten Mentz Blix. Ho budde ei stund hjå farbroren sin på Jelsa. Marcille må ha vore ei rik dame. I 1751 kjøpte ho både Jelsa og Sand kykje.

Skulen var både ein barneskule for borna på Jelsa, men i tillegg fekk også to ungdommar om gongen ha gratis opplæring ved skulen i to år, slik at dei seinare kunne gå ut i bygdene som lærarar i omgangsskulen. I over 40 år sendte Den Riibergske Skole ut lærarar i Ryfylke, men i 1820 ble skulen lagt ned av økonomiske årsakar. Barneskulen haldt fram i huset til starten av 1900-tallet. Etter initiativ fra personalet ved Jelsa skule, blei skulehuset restaurert og gjort om til museum i perioden 1974-1983.

Mer informasjon og åpningstider på www.ryfylkemuseet.no


console.log(false);