Bilde av håndmalingar inne i Jelsa kyrkje
Jelsa kyrkje © Skattkammeret Suldal. Foto: Anne Lise Norheim
Bildete av detaljar på stol i Jelsa kyrkje
Jelsa kyrkje © Skattkammeret Suldal. Foto: Anne Lise Norheim

Jelsa kyrkje og skulemuseet, Jelsa

Arkitektur
Bubil og camping
Fiske
Næring
Fjell
Vandring

Jelsa har blitt kåra til den mest idylliske staden i Ryfylke, og det med god grunn! Jelsa står fram som ei heilt unikt bygd ved fjorden på gode sommardagar, og ein tur hit er ikkje komplett utan ein tur innom Jelsa kyrkje og skulemuseum.

Jelsa kyrkje sto ferdig i 1647, men historia strekk seg heilt tilbake til vikingtida då Jelsa var eit samlingspunkt for religiøse offer. På staden der kyrkja står i dag har det også tidlegare vore ei stavkyrkje som er nemnd i kjelder så tidleg som 1286. I dag er Jelsa kyrkje ei flott trebygning, som har fått eit heilt unikt preg etter handmålingar av Gottfried Hendtzcel. Kyrkjetaket er dekka som ein stjernehimmel med tusenvis av stjerner som fint komplementerer flotte utsmykningar på vegger, benker og dekorasjonar. Om sommaren kan ein få med seg guida tur i kyrkja med vertskap der ein kan læra om den litt turbulente historia til leiarane i kyrkja for mange hundre år tilbake, om krusifikset og om korleis kyrkjelyden var delt inn med ei kvinneside og ei mannside: kvinnene med den sida som ofte ikkje hadde sollys.

Skulemuseet like ved kyrkja kom opp i 1774, og er eit av dei første skulebygga i Ryfylke. Skulen blei sett opp med midler frå "Den Riibergske Stiftelse" som blei oppretta av Marcille Riiberg i 1755. Bygget var skule for ungdommar som seinare skulle ut som lærarar i omgangsskulen, og seinare fungerte bygget som ein barneskule. Dei siste elevane gjekk ut herfra på 1900-talet. På guida turar vil vertskapet fortelje om viktigheita dette bygget hadde på utdanninga i regionen, og kanskje får ein også høyre musikalske innslag!

Kombiner gjerne turen til Jelsa Kyrkje og skulemuseet med ein tur i Jelsas gater, ein dupp i fjorden på badestranda eller ein tur innom daglegvarebutikken. Om sommaren får du verdas beste jordbær -Jelsajordbæra - frå ein lokal gard her.

console.log(false);