Picture of Nesflaten
Ufo © Skattkammeret Suldal. Foto: Dag Jenssen
Hus i bygd
Kilen © Skattkammeret Suldal. Foto: Dag Jenssen

Kraftarkitektur på Nesflaten

Arkitektur
Bubil og camping
Fiske
Næring
Fjell
Overnatting
Serveringsstad
Utstilling
Vandring

Opplev tradisjonelt bydgeliv og spennande arkitektur på Nesflaten, som er bygda som utgjer nordsida av Suldalsvatnet. Området er eit av dei finsste og best bevarte eksempel me har på funksjonalistisk stil i Noreg.

Nesflaten er ei tradisjonell gardsbygd som undergjekk store endringar på 1960-talet då kraftutbygginga Røldal-Suldal tok til. Arkitekten Geir Grung designa fleire av bustadane, eit kraftanlegg og det som i dag er kjent som Energihotellet. Den markante betongbrutalismen og dei flate taka på bustadane på Kilen bryt med det ein forventer av byggestil i ei vestlandsbygd.

Energihotellet er designhotellet i Fjord Noreg med spennande historie. Her nyttar dei seg av minimalistisk design og betong slik at naturen og den flotte utsikten utover Suldalsvatnet er hovudelementet i innreiinga. Her får du oppleve stilrein norsk design og arkitektur, storslagen vestlandsnatur, unike aktivitetar og personlig service. Dei har også eit oppvarma basseng i sommarsesongen og ein kan leige e-sykkel og fiskeutstyr her.

Det er omtrent 80 husstandar på Nesflaten. Dei har også eigen matvarebutikk, eit kapell, barnehage, skule og kafe. I området rundt Nesflaten finn ein flotte sykkel og turstiar. Nasjonal Turistveg Ryfylke og RV13 går forbi Nesflaten.

console.log(false);