Jente utanføre Kolbeinstveit
Kolbeinstveit © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Ungar som matar ku
Kolbeinstveit © Ryfylkemuseet. Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto

Museumstunet Kolbeinstveit

Kunst & handverk
Arkitektur
Serveringsstad
Utstilling

Museumstunet Kolbeinstveit er frå 1850-talet, og er eit av dei mest besøkte anlegga til regionsmuseumet Ryfylkemuseet. Anlegget består av ei rekke historiske hus som både sto her originalt og som har blitt flytta ned i seinare tid. Eit høgdepunkt er Guggedalsloftet som er eit av dei eldste trebygga i Rogaland.

Om sommaren kjem museumstunet til liv med vertskap og dyr på garden. Her ynskjer dei besøkande velkommen i tradisjonelle klede, og ein kan få vera med på guida tur, mating av dyra, ulike tradisjonelle leiker og mykje meir. Dei tilbyr også ein liten gardsmeny der ein kan få seg rykande fersk smørgaut med Suldalsskinke, vaflar eller Suldalsbete. Kva med å nye måltidet i historisk sus i ei av stuene, eller kanskje ute på plattingen til storslått utsikt over Suldalsvatnet og fossen. Det er også utstilling i låven kvart år.

I løpet av året er det ulike arrangement på Kolbeinstveit. Her kan ein få med seg familiedag med ulike tradisjonelle leiker og aktivitetar om sommaren. Om vinteren kjem sjølvaste nissen på besøk under Nissekvelden.

I sommarsesongen 2019 held museumstunet ope frå 11.00 - 17.00 kvar dag mellom 29. Juni til 16. August. Velkommen! 

console.log(false);